Inger Lise Stulien og Anna Slaby Driel med «Dommelidei» i barnehagar og småskular i heile øvre Setesdal!
For mange «på innsida» av den tradisjonelle felemusikken er «gorrlaus» knytt til ei særskild feletuning. I øvre Setesdal er omgrepet i dag vel så sterkt forbunde med den interkommunale UNESCO-satsinga i oppvekst. Målet er å styrkje lokal identitet, meistring og stoltheit, og sikre rekruttering til folkemusikkmiljøet i Setesdal.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.04.2026 10:10
Sist endra 24.04.2026 11:28
Inger Lise Stulien (t.v.) og Anna Slaby Driel er klare på skular og i barnehagar.
Byglandsfjord oppvekstsenter
I Bygland, Valle og Bykle får alle barn og unge frå barnehage til og med 10. klasse opplæring i lokale tradisjonar innan folkemusikk og -dans. Prosjektet starta hausten 2020 og er no ein fast del av det faglege innhaldet i barnehagar og skular, forankra i eigen lokal fagplan i folkemusikk og -dans. Samarbeidspartnarar er dei tre kommunane øvst i Setesdal, Setesdal Spelemannslag, Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet, med Valle kommune som prosjektleiar og administrativ ansvarleg.
Faste opplegg
Gjennom faste opplegg frå 1. til 10. trinn møter elevane profesjonelle utøvarar og lokale tradisjonsberarar, og får både oppleve, lære og sjølve utøve tradisjonane. «Dommelidei» er tittelen på ein årleg turné som blir gjennomført i barnehagane og 1.-4.klasse som eit fast element i Gorrlaus. Utgangspunktet for Dommelidei er bok og CD med 150 bånsullar, regler og stev frå Setesdal, samla inn og gjeve ut av Kirsten Bråten Berg i 2013. For tredje år på rad er det no ILSR og ASD som har tatt vegen fatt for å formidle delar av dette stoffet. Dei startar turneen i veke 17 med besøk i barnehagar og skular i Bygland, og så står Bykle for tur i veke 18 og Valle i veke 19. Med seg på turneen har dei både ulike instrument og andre effektar som garantert vil gjere konsertane til morosame, lærerike og minneverdige opplevingar for ungane.
For dei som har lyst til å høyre Dommelidei i sin heilskap er materialet tilgjengeleg for alle her på Spotify; Dommelidei | Spotify, og lærestoffet knytt til fagplanen som er i bruk i skulane ligg på Agder folkemusikkarkiv si heimeside Agderfolk; https://agderfolk.no/fagplanen/ .
Torunn Charlotte Nyberg