Jolehelsing frå Valle kommune

Kyrkjeklokker landet rundt har kima, no kan jolefreden senke seg!

Valle kyrkje jolaftan 2025. Ole Birger Lien

I bygd og grend, hus og hytte. Med nokre få sprakande fine kuldegrader ute, glitrande stjernehimmel og von om eit godt 2026 samlar store og små seg snart kring bordet. 

La no kvilepulsen kome - jolestria er over og ein kan glede seg over ei høgtid saman med dei næraste.

Valle kommune ynskjer kvar og ein ei rektig god jol!