
På joleverkstaden blir det fleire kreative stasjonar der ein kan laga si eiga jolepynt. Her kan både små og store laga halmbukk, teikne på stein, lage jolekort og til-og-frå-kort, og prøve seg på ulike typar pynt av ispinnar, konglar og dorullar. Elevar frå Setesdal vidaregåande skule avd. Valle er med som hjelp og vertskap på verkstaden.
– Eg håpar nokon vil vere her heile dagen og lage mykje stort og smått, og at andre tek turen innom for å eta graut eller lage éin ting, seier biblioteksjef Julie Iversen Solheim.
– Det viktigaste er at alle kjenner seg velkomne. Her treng ein ikkje melde seg på eller forplikte seg, ein kan berre kome innom og kjenne på førjolsstemninga saman med ein kjekk gjeng, legg ho til.
Gjennom dagen blir det gratis servering av risgraut, saft, klementinar og pepperkaker, og det blir ulike musikalske innslag. Risgrauten blir servert av Valle Bygdekvinnelag, som stiller opp for å skape ekstra god jolestemning. Joleverkstaden er eit samarbeid mellom Valle bibliotek, kultur- og fritidsavdelinga, Valle Bygdekvinnelag og elevar frå Setesdal vidaregåande skule avd. Valle.
Biblioteksjef Julie Iversen Solheim vil ha det stu fullt i biblioteket til joleverkstad laurdag 13. desember.
Ole Birger Lien