Kommunalt vårtekn i Valle!
Om det er aldri så tidleg, og framleis vel ein månad til påske, så ser ein stadig fleire vårtekn i Valle. Eitt av dei er kommunalt tilsette i full gang med feiing.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.03.2025 10:53
Sist endra 13.03.2025 10:55
Rolf Rike (t.v.) og Kim Pedersen i full sving med å feie fram våren rundt kommunehuset i Valle torsdag.
Ole Birger Lien
I strålande sol men iskald vind torsdag var to tiltakssame karar frå teknisk eining i full gang med både den eine og den andre duppeditten for å få opp sand og anna på plassen mellom kommunehuset og banken. Sand er det visst nok av - både rundt kommunehuset og elles på det som er av gang- og sykkelvegar og sidevegar i kommunen.