Kommunestyremøte i Valle onsdag 10. desember

Dei folkevalde i Valle kommune samlar seg i kommunehuset til årets siste kommunestyremøte onsdag 10. desember klokka 10.

Det er kommunestyremøte i Valle onsdag 10. desember. Her frå møtet i oktober. Ole Birger Lien

I møtet skal budsjettet for neste år, og økonomiplan 2026-2029, handsamast. Av andre saker på sakslista finn ein alt frå rullering av handlingsprogram for idrett og friluftsliv, fysisk aktivitet og kulturbygg til prioritering av spelemiddelsøknader 2026 til organisering - Setesdal interkommunalt politisk råd og tilbod om kjøp av eigedom med skulebygningar - Hylestad Eigedom AS. 

HER er lenke til sakslista.

Valle radio overfører som alltid møtet. Heimesida deira finn du HER.