Kommunestyremøte i Valle torsdag 26. mars
Torsdag 26. mars klokka 10 samlar dei folkevalde i Valle kommune seg i kommunestyresalen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.03.2026 14:29
Sist endra 23.03.2026 14:29
Det er kommunestyremøte i Valle torsdag 26. mars. Her frå møtet i februar.
Ole Birger Lien
Før sjølve handsaminga av dei politiske sakene kjem Setesdal miljø og gjennvinning IKS ved dagleg leiar Svend Åge Petersen og SYR-prosjektet ved prosjektleiar Sunniva Sutestad med ei orientering.
Frå biljard til kommuneplan
Av saker som kjem på bordet kan ein nemne alt frå støtte til vidare utvikling av lokalane for Valle biljardforeining til grunnavtale om styrkt interkommunalt samarbeid i region Setesdal, høyring - revisjon av selskapsavtale for Aust-Agder museum og arkiv IKS og oppdatering av politisk delegeringsreglement for Valle kommune.
Valle radio streamer som alltid møtet - her er lenke til lokalradioen.
Her er innkalling og saksliste til møtet.