Kommunestyremøte i Valle torsdag 29. januar

Torsdag 29. januar klokka 10 samlar kommunestyret i Valle seg i kommunehuset til årets første kommunestyremøte.

Det er kommunestyremøte i Valle torsdag 29. januar klokka 10. Her frå eit møte i fjor. Ole Birger Lien

Frå klokka 10-13 blir det temamøte om datasenter med Torgeir Haugaa, Vennesla kommune, Janne Thygesen, Statsforvaltaren i Agder via Teams og Geir Hammersmark, Agder fylkeskommune. Etter møtet og ein lunsj blir det orientering om distriktsrådet i HV-07 ved Per Øyvind Asbjørnsen.

Busetting av flyktningar og arealplanrevisjon

Av saker på sakslista kan ein nemne busetting av flyktningar 2026, forebyggje og redusere ungt utanforskap, arealplanrevisjon kommunedelplan for Brokke, opningsarrangement nye Valle kultursenter og finansreglement for Valle kommune.

Valle radio overfører som alltid møtet - HER ER LENKE TIL RADIOEN SI HEIMESIDE

HER ER INNKALLINGA MED SAKSLISTE