Kommunestyremøte i Valle torsdag 30. april
Dei folkevalde i Valle kommune samlar seg i kommunestyresalen torsdag 30. april klokka 17.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.04.2026 10:33
Sist endra 27.04.2026 10:33
Det er kommunestyremøte i Valle torsdag 30. april. Her frå møtet i mars.
Ole Birger Lien
Før ein kjem i gang med dei politiske sakene blir det presentasjon av KLP ved kunde- og salsleiar i Agder, Rune Rosberg, og ei orientering om utfordringar og moglegheiter i Setesdal regionråd ved dagleg leiar Gro-Anita Mykjåland
Frå Valle helsesenter til Straume bru
Sakene dei folkevalde skal handsame torsdag etter orienteringar og førespurnader er oppgradering av Valle helsesenter, godkjenning av anbod Straume bru og handsaming av økonomisk ramme for beitekartleggjing i Valle kommune.
Valle radio streamer som alltid møtet - her er lenke
Her er innkalling og saksliste