Kulturpatrulja vil ha sommarvikarar!
Spelar du fele eller munnharpe, kvedar eller danser du? Då er kan hende ein somnmarjobb i Kulturpatrulja noko for deg?
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.01.2026 15:01
Sist endra 26.01.2026 15:01

Kulturpatrulja skal ut på vegane att til sommaren, og no trengst det engasjerte kultursommarjobbarar i vekene 28, 29 og 30. Både dei som speler og dei som dansar eller syng er aktuelle - og målet er å spreie musikkglede, kulturarv og fine opplevingar til folk rundt om i regionen.
Ta kontakt!
Den som er interessert i ein slik sommarjobb kan sende ein epost til Stina.hovet@aama.no
Der må ein fortelje litt om seg sjølv, kva ein driv med, kva instrument/uttrykk ein arbeider med og kva veker ein eventuelt kan arbeide i Kulturpatrulja.