Kurs i ny aktivitetskalender i Valle kommune i ettermiddag!
Som del av appen Friskus har Valle kommune no også innført ein eigen aktivitetskalender der både kommunen men også lag og organisasjonar kan legge inn sine aktivitetar. I ettermiddag blir det kurs for dei som vil lære seg å bruke kalenderen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 21.01.2026 10:30
Sist endra 21.01.2026 10:30
Kurset går føre seg på kommunehuset i Valle onsdag 21. januar klokka 16-17. Alle er velkomne til å vere med. Ta med eigen PC viss du kan - så får du hjelp til registrering og liknande.
Alt i eitt i Friskus
Dei som alt har lasta ned Friskus og kryssa av for å fylgje Valle kommune, vil no ha tilgang til kalenderen. Også alle nye brukarar av Friskus får same tilgang.
Gunn Marith Homme i Valle kommune håpar mange kjem på kurs for aktivitetskalender på kommunehuset i Valle i ettermiddag 21. januar klokka 16.
Ole Birger Lien
– Både med tanke på samordning men også reint praktisk er dette ei god satsing som me har tru på. Her kan til dømes Valle IL legge inn eit skirenn på eiga hand, og så lenge dei som legg inn arrangement held seg til kriteria, så er det grei skuring, seier Gunn Marith Homme i Valle kommune.
Hovudkriteriet for den som skal legge noko inn i aktivitetskalenderen, er at det skal aldri leggjast inn kommersielle arrangement - det er det kommunale, og det friviljuge bygdelivet, som skal ha sin plass her.
– Me håpar at alle respekterer det skiljet, seier Homme.