Frå arbeidsmøtet mellom studentar frå UIA og Valle kommune. Frå venstre: Åse Ingebjørg Flateland, rådgjevar næring og forvaltning i Valle kommune, Cristoffer Skjelstad, Yusef Said, Linn Bjørkegra, Vidar H. Homme, kommunedirektør i Valle kommune og lengst til høgre Anders Solheim Nesdal.
Ole Birger Lien
Studentane, som går på masterlina samskaping, teori og praksis, har altså som eitt av fleire valfag funne ut at dei skal undersøke kva som kan gjere Valle kommune endå meir attraktiv for kvinnelege innflyttarar. Arbeidet skal resultere i ein eksamen der ein rapport blir tilgjengeleg også for Valle kommune - eksamen er 10. desember. På arbeidsmøtet mellom studentane og kommunen nyleg vart mykje informasjon lagt fram og utveksla.
– Dette er sjølvsagt ei spennande oppgåve, og noko Valle kommune kan få nytte av. Eventuelle funn blir naturleg nok matnyttige, for me ynskjer alltid å sjå kva me er gode på, og kva som har forbetringspotensial, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.
Ser på alt frå arbeidsmarknad til det gode liv på bygda
Studentane frå UIA er altså i full gang med innspurten på arbeidet sitt.
– Me har blitt veldig godt mottekne av Valle kommune, dei har støtta opp om oss på alle moglege vis. Sjølve oppgåva er spennande, og me håpar naturleg nok på at me skal finne ein del konkret, seier ein av studentane, Christoffer Skjelstad.
Dei ser på alt frå arbeidsmarknaden til bulyst og det gode bygdelivet i sine undersøkingar.
– Kva må til for å satse på Valle kommune? Bygdelivet, tryggleik, ikkje minst mogelegheiter for ein god jobb, det er mykje som skal klaffe. Møtet i Valle var del av samanfatninga av mykje av arbeidet vårt, så er det neste å sette seg ned og lage ein rapport som blir grunnlag for eksamen i desember, seier Skjelstad.
– Det studentane ser på her er veldig relevant for Valle kommune. Mykje av det handlar om det me arbeider med kvar dag, så me ser fram til rapporten og det studentane kjem fram til, seier Vidar H. Homme.
Som del av opphaldet i Valle kommune fekk studentane treffe og vart godt mottekne av ulike lokale verksemder - mellom anna Sølvgarden hotell der arbeidssamlinga vart gjennomført.