Læring i leik eige tema i barnehagane i Valle kommune

I barnehagane i Valle og Hylestad er leiken noko av det viktigaste det blir jobba med kvar dag. Også gjennom barnehagedagens tema “Lat leiken leve” blir det sett fokus på kor mykje borna lærer gjennom leik, og på eigne premissar.

Valle barnehage Gamlestog Valle kommune

– Når born leikar, utviklar dei språk, fantasi, sosial kompetanse og ikkje minst evna til å løyse problem seg mellom. Dei lærer også å takle motgang, samarbeide og finne løysingar. Det gjer dei trygge og robuste i møte med verda, seier pedagogisk leiar ved Valle barnehage, Ane Buen.

Ho strekar under at leiken ikkje er bare moro, men er sjølve grunnlaget for læring og utvikling.

Vil verne om den frie leiken

I takt med eit stadig meir strukturert samfunn, der det blir stilt høge krav også til borna, er barnehagane i Valle kommune opptekne av å verne om den frie leiken.

– Me legg til rette for gode omgjevnader, gjev borna tid og rom til å styre leiken sjølv, og så er me sjølvsagt til stades som trygge vaksne som stør og inspirerer, seier Buen.

Poenget for dei tilsette i barnehagane er at “Lat leiken leve” er ein fokus som viser at leik ikkje bare er noko born gjer når dei “ikkje gjer noko anna”, men at det er sjølve kjerna i det å vere born.

– Så skaper me eit miljø der leik og læring får gå hand i hand, til beste for dei me er her for, seier Ane Buen.