Lokal eigenberedskapsveke i Valle og Bykle i juni
Som dei siste to åra skipar kommunane Valle og Bykle ei eiga lokale eigenberedskapsveke like før ferien. I år blir det andre veka i juni, 8.- 12. juni.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.04.2026 11:07
Sist endra 29.04.2026 14:15
Frå Kristiansandskonferansen i Kilden.
Ole Birger Lien
Poenget med den lokale eigenberedskapsveka er å auke fokus på beredskap generelt og eigenberedskap spesielt. Kvart år utpå hausten blir det skipa til ei nasjonal eigenberedskapsveke i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) - den lokale veka i Valle og Bykle er lagt opp etter same mønster.
– Avgjerande viktig
I løpet av den lokale eigenberedskapsveka kjem kommunane kvar dag til å legge ut aktuell informasjon knytta til eigenberedskap. Målet er at så mange som råd skal vere så godt budde på ein beredskapssituasjon som det DSB tilrår.
– Jo fleire som kan klare seg på eiga hand den første perioden i ein beredskapssituasjon, jo fleire av dei som verkeleg treng hjelp har me ressursar til. Det er avgjerande viktig. Eigenberedskap er eit personleg ansvar, seier beredskapsansvarleg i Valle kommune, kommunedirektør Vidar H. Homme.
Med på beredskapskonferanse
Både Valle og Bykle deltok nyleg på den årvisse Kristiansandskonferansen i Kilden - der nettopp beredskap er tema. 2026 er Totalforsvarsåret - der alle aktuelle aktørar går gjennom alt frå øvingar og informasjonskampanjar til anna nyttig i beredskapssamanheng.