Frå villreinmøtet tysdag.
Ole Birger Lien
Ikkje minst er dette aktuelt fordi det har kome signal frå sentralt hald om at ein er ute etter innspel og forslag som kan styrke innsatsen for å bevare villreinstamma. Kommunen har også tidlegare skipa til møte om same temaet, då med fullsett sal og høgt engasjement. I kommunestyresalen var ei rekke aktørar med for å orientere så mykje som råd om dei ulike problemstillingane. Etter ei orientering frå Valle-ordførar Lars Tarald Myrum kom det innslag frå mellom andre miljøverndirektør hjå statsforvaltaren, Gunnar Lindaas, Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter Sør og advokat Christi Chirsti Erichsen Hurlen i Advokatfirmaet Lund&Co på vegne av Utmarkkommunenes Sammenslutning (USS).
Mange aktuelle tema
Tiltaksplanen for villrein reiser mange spørsmål. Under møtet vart det teke opp korleis ulike tiltak kan påvirke jakta, korleis forslaga om mindre ferdsle kan kome til å spele inn, kva som ligg føre av nasjonale føringar og ikkje minst om eventuelle tomter ein ikkje kan bygge på skal erstattast. Brokke-Suleskarvegen var også tema, der uvissa er stor mellom anna knytta til eventuelle tunnelar for å avbøte trafikken i høve villreinen. Desse og fleire tema kom det også spørsmål om frå salen - Fekk du ikkje møtet med deg? HER er lenke til opptaket frå Valle radio.
HER kan ein sende innspel til forslaga direkte til styresmaktene.