Meir snø betyr meir vilt langs og på vegane!

Med nedbøren den siste tida og meir snø i terrenget fotar viltet seg nærare vegane. Det ser ein tydeleg langs riksveg 9, med stadig fleire glimt av dyr i skogkantane og på vegen.

Ole Birger Lien

Kvart år blir det på landsbasis påkøyrt vilt over 9000 gonger. Somme ulykker er mindre, somme svært alvorlege. På vinterkledde vegar er ein bråstopp heller ikkje enkelt, difor handlar det først og fremst om å ikkje vere alt for hard på gassen. 

Ring politiet!

Også oppover Setesdal ser ein no stadig meir vilt ved og på riksveg 9, difor gjeld det å passe på. Hugs at viss uhellet er ute og ein køyrer på vilt, må ein melde frå til politiet på tlf 02800.