Meiropen idrettshall i helgene
Både i helger og feriar er det meirope i Vallehalli. Fredagar er det ope 15-20, laurdagar og sundagar 08-20.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.01.2026 10:45
Sist endra 09.01.2026 11:58

Opplegget fungerer fint så lenge alle fylgjer reglane - ikkje minst med tanke på rydding. Alle skal rydde etter seg sjølv og dei ein er saman med - dette er eit felles ansvar for alle. Poenget er at hallen må vere rydda heilt når dørene stenger.
Ikkje ope 16. - 18. januar
Einaste unnatak for meiropen hall er helga 16.- 18. januar. Då er hallen oppteken på grunn av ei fotballturnering.
Lager ope
Eitt av utstyrslagra er ope og kan nyttast når det er meirope i hallen. Det ein hentar ut, skal ein også leggje på plass att. Det er to garderobar/toalett opne. Også der skal det haldast ryddig. For å logge seg inn i hallen nyttar ein appen SolverApp.
Born under 12 år skal vere i fylgje med vaksen. Tlf teknisk vakt: 97003800