Møykjeromet og spinningsal i Vallehalli blir stengt 4.-6. februar

I samband med arbeidet på nye Valle kultursenter må no Møykjeromet og spinningsalen i Vallehalli stengast av nokre dagar i neste veke. Det handlar om tidsromet onsdag 4. februar klokka 07 til fredag 6. februar klokka 16.

Årsaka til at ein må stenge av er utskifting av enkelte avløpsrøyr frå det flate taket over eksisterande hovudinngang. 

– Me  må diverre stenge av for å få gjort dette arbeidet så effektivt som råd. Viss det skulle vise seg at me ikkje blir ferdige som planlagt, kan det vere at me også må stenge av måndag 9. februar. Det vil me i tilfelle informere om i løpet av neste veke. Treningsroma er uansett opne for bruk både laurdag og sundag, seier prosjektleiar i Eik Prosjekt AS, Tone Straume Wikeland.

Storopning i april

Nye Valle kultursenter skal opne med stor festhelg 17.- 19. april. Den helga blir det fullt program i nye Valle kultursenter frå fredagen til sundagen, med alt frå konsertar og andre kulturinnslag til aktivitetar og ikkje minst Valle sparebank sin jubileumsfest. Akkurat det arrangementet blir rigga til i Vallehalli. Heile festhelga er det ope hus i det som blir den nye storstoga i Valle kommune, nye Valle kultursenter. Gjennom heile prosessen frå politisk sak til spaden kom i jorda har det blitt streka under at heile poenget med satsinga er å ha eit bygg som yrer av liv og aktivitet. Det er den raude tråden også helga 17.- 19. april.