Mysterium i biblioteket i Valle laurdag!

Det er laurdagsope i biblioteket i Sæbyggjen i Valle 23. mai - og det står meir på programmet enn utlån og levering!

Biblioteksjef Julie Iversen Solheim lagar eit mysterium, og treng hjelp frå borna for å løyse det! Mysterie-samlinga, der alle som er med får ein liten premie, tar til klokka 12, medan laurdagsope bibliotek er frå klokka 11-14.