Næringsfrukost på Sølvgarden hotell fredag 24. april
Valle kommune skipar til næringsfrukost på Sølvgarden hotell fredag 24. april klokka 07.30-09.00.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.04.2026 09:36
Sist endra 13.04.2026 12:53
Valle kommune skipar til næringsfrukost på Sølvgarden hotell fredag 24 april.
Ole Birger Lien
Der skal fleire tema på bordet. Det blir ein gjennomgang om Gjenbruksstoga – Arbeidsplassar, verdiskaping og nye moglegheiter v/ Sunniva Sutestad, prosjektleiar SYR/ SMG. Så skal ein drøfte kommuneplanens samfunnsdel – med fokus på tema arbeidsplassar og arealstrategi. Planen er på høyring og det vert oppmoda om å kome med synspunkt og innspel.
Open bolk
Også andre aktuelle saker frå kommunen kjem opp. I tillegg blir det sjølvsagt råd å kome med spørsmål og innspel frå dei som deltek på samlinga.