Næringsfrukosten fredag 24. april er avlyst
Valle kommune skulle skipe til næringsfrukost på Sølvgarden hotell førstkomande fredag 24. april, men no er arrangementet avlyst.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.04.2026 09:59
Sist endra 22.04.2026 09:59
Valle kommune sin næringsfrukost på Sølvgarden hotell fredag 24. april er avlyst.
Ole Birger Lien
Kommunen skipar med jamne mellomrom til næringsfrukostane som eit treffpunkt mellom kommunen og det lokale næringslivet - der kommunen får kome med info, og der dei næringsdrivande kan kome med innspel og spørsmål.
Snart ny runde
Sjølv om arrangementet no til fredag ikkje blir noko av, så er det nok ikkje lenge til neste gong det blir næringsfrukost i Valle kommune.