Nissetur til Lauvåsloptet i Valle i dag!
Valle kommune skipar i dag i samarbeid med Midt-Agder friluftsråd til nissetur til dagsturhytta Lauvåsloptet i Valle. Det er avgang frå den store parkeringsplassen i Valle sentrum like før klokka 17.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.12.2025 08:41
Sist endra 10.12.2025 08:41

Arrangementet er ein del av Friluftslivets år, og Midt-Agder friluftsråd stiller med morsame aktivitetetar på vegen opp.
Jolegraut
Vel framme på Lauvåsloptet blir det jolegraut, og det kan nok hende det til og med gøymer seg ein mandel i grauten og at det vert nokre premiar!
Hugs hovudlykt! Det er gratis å vere med, og alle er velkomne!