Nissetur til Lauvåsloptet onsdag 10. desember!

Valle kommune skipar onsdag i samarbeid med Midt-Agder friluftsråd til nissetur til dagsturhytta Lauvåsloptet i Valle. Det er avgang frå den store parkeringsplassen i Valle sentrum like før klokka 17. 

Liv Gunn Viki

Arrangementet er ein del av Friluftslivets år, og Midt-Agder friluftsråd stiller med morsame aktivitetetar på vegen opp. 

Jolegraut

Vel framme på Lauvåsloptet blir det jolegraut, og det kan nok hende det til og med gøymer seg ein mandel i grauten og at det vert nokre premiar!
Hugs hovudlykt! Det er gratis å vere med, og alle er velkomne!