No er det også aktivitetskalender for Valle kommune i Friskus-appen !

Valle kommune tar no i bruk ein digital aktivitetskalender som del av nyheitsappen Friskus - som snart 1600 menneske har lasta ned for å fylgje kommunen. Aktivitetskalenderen er, akkurat som nyheitsappen, gratis å laste ned og bruke.


 

Gunn Marith Homme i Valle kommune håpat mange tar i bruk aktivitetskalenderen som er del av nyheitsappen Friskus. Ole Birger Lien

Dei som alt har lasta ned Friskus og kryssa av for å fylgje Valle kommune, vil no ha tilgang til kalenderen. Også alle nye brukarar av Friskus får same tilgang.

– Både med tanke på samordning men også reint praktisk er dette ei god satsing som me har tru på. Her kan til dømes Valle IL legge inn eit skirenn på eiga hand, og så lenge dei som legg inn arrangement held seg til kriteria, så er det grei skuring, seier Gunn Marith Homme i Valle kommune.

Hovudkriteriet for den som skal legge noko inn i aktivitetskalenderen, er at det skal aldri leggjast inn kommersielle arrangement - det er det kommunale, og det friviljuge bygdelivet, som skal ha sin plass her.

– Me håpar at alle respekterer det skiljet, seier Homme. 

Kursing for alle interesserte

Torsdag 22. januar klokka 17 blir det skipa til kursing på kommunehuset i Valle for lag, organisasjonar og andre interesserte der ein kan lære seg korleis ein skal bruke aktivitetskalenderen. Dei som kan bør ta med eigen PC, så får ein ei innføring i det som trengst for å legge inn arrangement og anna.

LAST NED FRISKUS FOR ANDROID

LAST NED FRISKUS FOR APPLE