No er rivinga på Valle skule i gang
Denne veka kjem rivinga av den gamle gymsalen ved Valle skule i gang. Rivearbeidet er ikkje ferdig før ut i januar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.12.2024 09:52
Sist endra 03.12.2024 09:52
Rivinga for nye Valle kultursenter er no i gang.
Magnus Berg
I går vart taksteinen på bygget fjerna, i dag er maskinane i gang med “storrivinga”. Inngongen i nord blir no stengt, så må alle bruke den i sørenden.
– Så minner eg om at det no meir enn nokon gong er viktig at alle respekterer skilting med tanke på ferdsle og parkering, seier prosjektleiar Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS.
Avkøyrsla på plass i løpet av veka
For å auke trafikktryggleiken ved anleggsområdet ytterlegare skal det som me har skrive om tidlegare byggjast mellombels avkøyrsle frå riksveg 9 til byggjeområdet. Arbeidet med avkøyrsla tar til i dag, og skal vere fullført før helga.