No fylgjer over 1600 menneske Valle kommune via appen Friskus!

Valle kommune har over 1600 fylgjarar via nyheitsappen Friskus - og etter at kommunen også tok i bruk aktivitetskalenderen som er integrert i appen nyttar stadig fleire lag og organisasjonar løysinga. Så er det viktig å hugse på at viss ein lastar ned appen må ein også krysse av for å få nyheitsvarslingar frå Valle kommune!

Gunn Marith Homme i Valle kommune oppmodar lag og organisasjonar om å bruke aktivitetskalenderen i Friskus. Ole Birger Lien

I tillegg til nyheitsvarslingane har aktivitetskalenderen gjeve bruken av appen ein ny dimensjon. Valle kommune legg sine arrangement i kalenderen - men lag og organisasjonar med alt frå basarar til loppemarknad kan også legge inn sine. Ei digital samhandling om kulturlivet, med andre ord.

Ikkje det kommersielle

Hovudkriteriet for den som skal legge noko inn i aktivitetskalenderen, er at det skal aldri leggjast inn kommersielle arrangement - det er det kommunale, og det friviljuge bygdelivet, som skal ha sin plass her.

Last ned Friskus!

Med den nye aktivitetskalenderen på plass er det altså endå fleire gode grunnar enn før til å laste ned Friskus og krysse av for å fylgje Valle kommune! Appen er gratis å laste ned og bruke.

Her kan du laste ned Friskus for Android

Her kan du laste ned Friskus for Apple