No står stavkyrkje-modellen i kommunehuset i Valle!

Det mykje omtala stavkyrkje-prosjektet på Rysstad har som mange nok har fått med seg resultert mellom anna i ein detaljert modell av stavkyrkja ein tenker å sette opp på Bjugsbakk. No står modellen på utstilling i kommunehuset i Valle.

Øyvind Jacob har bygt stavkyrkje-modellen saman med Marton Laksesvela og Øyvind Mauren. No er modellen på utstilling i kommunehuset i Valle. Ole Birger Lien

Der blir den svært detaljerte modellen, som Øyvind Jacob, Marton Laksesvela og Øyvind Mauren står bak, ståande inntil vidare, slik at både bygdefolk og tilreisande kan få eit glimt eller to av arbeidet og ikkje minst planane for den verkelege stavkyrkja. Stavkyrkja kan ein få sjå så lenge ein kjem innanfor dei ordinære opningstidene - 08-15.