Noregs første fagplan i folkemusikk lansert i UNESCO-kommunane

Nyleg vart Noregs første fagplan i folkemusikk til grunnskulen lansert i UNESCO-kommunane Bykle, Valle og Bygland. Fagplanen er finansiert med midlar frå millionen Agder fylkeskommune fekk til UNESCO-prosjektet over statsbudsjettet i fjor.

Leiv Solberg og Annbjørg Lien under lanseringa av fagplanen. - Klikk for stort bileteLeiv Solberg og Annbjørg Lien under lanseringa av fagplanen.

Rundt om på skulane kom Annbjørg Lien, Leiv Solberg og Åse Løvland for å overrekke ein fagplan som har blitt så mykje meir enn eit oppslagsverk. I arbeidet med planen har dei tre, saman med Kirsten Bråten Berg og lærarar frå alle skulane vore involvert.

– Dette blir ein vesentleg del av ei heilskapeleg UNESCO-satsing i oppvekst. Det er opplæring gjennom Gorrlaus og Dommelidei, ein lokal fagplan med ressursbank til bruk i grunnskulen og interkommunalt kulturskuletilbod, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Oppbyggjing etter kompetansemåla

Fagplanen er bygt opp etter kompetansemåla i høvesvis 1.-2., 3.-4., 5.-7. og 8.-10. klassetrinn. Planen omfattar lærestoff, rettleiing for organisering av undervisinga, tilvising til ressursar og, ikkje minst, tekstar. Tekstane har numeriske peikarar til lydfiler og filmar på nettsida til Agder folkemusikkarkiv - agderfolk.no - der fagplanen har fått eiga fane.  Kirsten Bråten Berg har spelt inn regler, stev og songar - med over 50 innspelingar gjort over to dagar i studio. Der er også lenker til dans og spel og anna relevant materiale, mellom anna nyinnspelt gangarkurs med Tor Espen Helle, Sigrid B. Berg og Stina Brandin. 

Opplæring til hausten

Dei tilsette ved skulane skal få opplæring til hausten. 

– Då blir det både praktisk innføring med Kirsten Bråten Berg, og kurs i gangar og munnharpe. Viss læraren vågar, ja då vågar elevane! Det er viktig både med danseglede og ikkje minst glede med å ha noko felles, seier Torunn Charlotte Nyberg.

Slik ser fagplanen ut. - Klikk for stort bileteSlik ser fagplanen ut.