Torbjørn Straume er ny beredskapskoordinator i Valle kommune.
Ole Birger Lien
Jobben som beredskapskoordinator, som utgjer 20% av stillinga hans i Valle kommune, tar han over etter Torleif Homme, som har hatt oppgåva i ein mannsalder.
– Det oppdraget tar eg over med respekt både for korleis Torleif har løyst jobben og kor viktig dette er. Situasjonen rundt om i verda viser at me må spisse beredskapen vår kraftig. Det gjeld både kommunen og bygdefolket. Eigenberedskap er eit nøkkelord her. Jo fleire som kan klare seg heime over fleire dagar i ein krisesituasjon, jo meir av dei offentlege ressursane kan ein bruke til dei som verkeleg treng hjelp, seier Straume.
Kurs og øvingar
Torbjørn Straume, utdanna sivilingeniør og med bakgrunn frå Skanska, kan på mange vis gå rett inn i rolla som prosjektansvarleg. Beredskapsbiten i stillinga hans er meir ukjent.
– Det blir ein heil del kursing, og ikkje minst ynskjer eg og kommunen å ha fokus på øvingar. Valle kommune har også beredskapssamarbeid med Bykle kommune, så felles øvingar blir ein del av dette, seier han.
Eigenberedskapsveke lokalt
Kvart år er det nasjonal eigenberedskapsveke i Noreg. Det er i oktober. Kommunane Valle og Bykle har i tillegg innført ei eiga lokal eigenberedskapsveke like før sommarferien.
– Dette ynskjer eg å vere med på å vidareutvikle, for det er avgjerande at me får dette til. Folk er nok ikkje vande med å tenke at ein bør lagre vatn og mat, ha noko ein kan koke på, kan hende sikre seg tilgang på straum. Slik situasjonen i verda no har blitt, er det vårt ansvar å få fleire til å tenke over dette. Eg gler meg over å ha kome i gang i Valle kommune, og ser fram til godt samarbeid med kolleger og bygdefolk i åra som kjem, seier Torbjørn Straume.
Sjekkliste
Poenget med å ha eit eigenberedskapslager er enkelt: ein skal kunne klare seg sjølv heime i minst sju dagar. Gjer ein det, frigjer ein ressursar som kan brukast på dei som treng hjelpa mest. Usikker på kva du bør ha i lageret?
HER ER LISTA