Ny verksemd tar over boktransport for biblioteka

Landets største boktransportør, Norsk bibliotektransport (NBT) gjekk konkurs, og lånetakarar over heile landet vart råka. No tar Nor Log AS over bibliotek- og boktransportløysinga av konkursbuet i NBT, og planlagd oppstart er alt i morgon 29. april!

Pixabay

NBT har frakta bøker til og mellom biblioteka over store delar av landet. Transportordninga gjorde mellom anna at ein kan låne bøker som berre er tilgjengelege på andre sida av landet, og at ein kan levere inn bøker andre stader enn du lånte dei.

Uvisse etter konkurs

Etter konkursen i NBT var det stor uvisse om korleis fjernlånløysing og transport skulle ordnast. Med Nor Log AS i sving frå i morgon skal altså systemet snart vere i full orden att.