Nye Valle kultursenter er offisielt opna!

– Ikkje bare eit kulturbygg, men ein ny base for tradisjonane våre, sa Valle-ordførar Lars tarald Myrum få han fekk æra av å klyppe snora og med det stå for den offisielle opninga av nye Valle kultursenter laurdag.

Valle-ordførar Lars tarald Myrum fekk klyppe snora og opne nye Valle kultursenter. Her med hjelp av prosjektleiar Tone Straume Wikeland og Svein Magne Klungland i PK Entreprenør. Ole Birger Lien

Eit par hundre menneske fekk med seg den offisielle delen av opningsprogrammet - ei helg der det er liv og røre i det nye praktbygget tre dagar til ende. Folk stimla saman for å høyre helsingar og sjå seg rundt i det nye bygget.

Mange lovord

Lovorda var mange både om eit prosjekt som tykkjest ha gått på skinner, og eit bygg som både visuelt men også reint praktisk betyr eit kjempelyft både for Vallebygda og kommunen. Her er alt frå storsal med amfiscene til ny ungdomsklubb, kjøkken, garderobar og alt på stell.

– Det skjer så mykje godt i Valle, dette prosjektet skal me glede oss over i heile landsdelen, sa fylkesordførar Arne Thomassen i si helsing.

Opningshelga held no fram med konsertar i ettermiddag og ikkje minst stor familiedag i morgon mellom anna med Ninjana både i film- og teaterversjon! Så kjem me med meir frå opningshelga til veka!

Det er godt med folk på opninga av nye Valle kultursenter. Her med lapskaus og kaker i kaféen. Ole Birger Lien