Nytt kurs i å bruke aktivitetskalender i Friskus
Nesten 1600 menneske fylgjer Valle kommune via nyheitsappen Friskus. I appen er det også ein aktivitetskalender som kommunen har teke i bruk. Den kan også lag og organisasjonar bruke - og onsdag 11. mars blir det kurs for alle interesserte.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.03.2026 08:59
Sist endra 03.03.2026 08:59

I appen kan alt av arrangement - med unnatak av reine kommersielle satsingar, leggjast inn. Noko av poenget er at lag og organisasjonar sjølv kan legge inn sine ting - om det no er idrettssamling, filmklubb, biljardmoro eller anna.
Ta med eigen PC
Onsdag 11. mars klokka 16-17 kan alle som vil lære å bruke kalenderen kome til kommunehuset i Valle. Ta gjerne med eigen PC, så står det folk klare til å hjelpe med alt frå registrering til eventuelt å leggje inn arrangement.
Viss ein vil prøve seg sjølv finn ein sida for oppretting av arrangørside her: www.valle.friskus.com