Om "Kosmiske mysterier og spektakulære fenomener" i Sæbyggjen i kveld!
Det blir høgtsvevande i Sæbyggjen i Valle i kveld onsdag 4. mars klokka 19, når astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard kjem med multimedieføredrag om alt ein kan tenke seg av gåter og spennande ting som høyrer verdsromet til.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.03.2026 14:02
Sist endra 04.03.2026 14:04

Nye superteleskop på bakken og i rommet er i ferd med å revolusjonere kunnskapen vår om Universet. Nye «vindauge» mot rommet gjev oss eineståande innsikt i dramatiske, mystiske og spektakulære fenomen.Nye teleskop viser oss kraftige stjernesmell og stjerner som dansar ein kosmisk dans og smeltar saman, og me ser dei første galaksane, superhola og stjernene etter Big Bang. Oppdagingane –og overraskingane – står i kø og avslører nye mysterium!
Dagleg ser me svarte hol som vert til eller som beint og greitt smeltar saman, og snart kan me oppdage ormehol – moglege snarvegar til andre univers! Alt dette og meire til tar Røed Ødegaard for seg.
Liv på ein annan planet?
I kveld kan du få om ikkje svaret så i alle fall entusiastiske teoriar om alt frå liv på ein annan planet til kraftige eksplosjonar i verdsromet, svarte hol og romreiser i løpet av 20 år. Arrangementet er ope for alle, og gratis. Det er kultur og fritid i Valle kommune som er arrangør.