Ope møte om skjermbruk, soving og grensesetting hjå born og unge i ettermiddag

Valle kommune skipar i dag torsdag den 10. april til ope møte om skjermbruk, svevn og grensesetting hjå born og unge i soknehuset på Rysstad. Med på møtet blir fylkesdirektør for folkehelse i Agder fylkeskommune, Vegard Nilsen.

Det er møte om skjermbruk, svevn og grensesetting hjå born og unge i soknehuset på Rysstad 10. april. - Klikk for stort bileteDet er møte om skjermbruk, svevn og grensesetting hjå born og unge i soknehuset på Rysstad 10. april. Ole Birger Lien

Møtet er i utgangspunktet eit foreldremøte for foreldre til born i barnehagar og skulen - men temaet er vurdert så viktig at arrangementet også blir ope for alle andre interesserte. Frå klokka 16.30-18.30 blir det foredrag og presentasjonar i soknehuset.

Folkehelsedirektøren

Frå klokka 16.30-18 er det folkehelsedirektør i Agder, Vegard Nilsen, som har ordet. Skjermbruk, svevn og grensesetting er store og viktige tema Nilsen skal ta grundig for seg. Den siste halvtimen av arrangementet tar Valle kommune over. Då handlar det om presentasjon av høyringsforslag til retningsliner for bruk av digitale verktøy i barnehage og skule. Avslutningsvis blir det også rom for at foreldre og andre som er til stades kan kome med sine innspel.

– Me håpar at mange vil møte opp og bidra til det som er viktige tema, seier skulefagleg ansvarleg i Valle kommune, Else Margit Tveit.