Opninga av nye Valle kultursenter blir ei musikalsk festhelg!

Som del av opningshelga i nye Valle kultursenter står også musikken i fokus - og laurdag ventar ikkje mindre enn tre enkeltståande konsertar som perler på ei snor! Det unike med konsertane er at det langt på veg er kommunens eigne krefter som er i sving! Det er lokalt, det er ekte - og det er gama! Denne dagen kan du få smaken av alt frå kulturskulen sine eigne krefter, lokal ungdom i 100, ein toppsopran med ein like topp pianist og tradisjonsrike og nyskapande utøvarar frå det lokale spelemannslaget!

Silje Høgevold, Sigrid B. Berg, Maija Lindaas og Stina Brandin Hovet er klare for å gje sitt musikalske bidrag til opninga av nye Valle kultursenter. Konserten deira tar til klokka 16.

Konsertane, som i si form også blir sjangerfrie- eller overskridande, byr på eit djupdykk i den paletten musikken i kommunen kan by på. Her er altså kulturskulen i sving, ikkje minst får tilsette i kulturskulen boltre seg som dei utøvande kunstnarane dei er, her får ein organist og ein sopran utanom det vanlege slå seg laus - og her får Setesdal Spelemannslag slå til med utøvarar og kultur som høyrer til i det øvste sjiktet nasjonalt!

Kulturskulen - eit musikalsk oppkome

Aktiviteten i Valle kulturskule har vore høg i mange år. Med Unesco-status og stadig meir satsing har det på ingen måte ebba av, det blir bare meir og meir kulturell moro! Det kjem konserten klokka 13-14 laurdag til å vise til fulle. Tidlegare og noverande kulturskule-elevar med tilsette i kulturskulen i fri symbiose - det er beint fram frukta av alt det kulturskulen har sådd gjennom tiår ein no får smake på! Bandet består av kulturskulelærarar Anna Slaby Driel og Maija Lindaas, barne- og ungdomsarbeidar Isabel Eriksson, tidlegare kulturskuleelevar Osvald Sverdrup Lund (gitar) og Ole Søren Sverdrup Lund (trommer), og organist i Valle og Bykle, Eirik Hodenmyr (piano). Med seg som gjesteartistar har dei elevar frå kulturskulen. Du vil få oppleve alt frå episke "Den du veit", legendariske "Hit the Road, Jack" og soulklassikaren "Think",  til munnharpeslåtten "Fiskaren",  og BlimE-dansen. Kan dette bli anna enn heilt vilt bra?? Gjengen kjem til å spegle ei breidde i musikklivet som har blitt lagt merke til langt utanfor kommunegrensene - og lovar stemning heilt opp i taket!

Sopran og lokal organist

Klokka 14.30-15.15 er det sopran Renate Aasen og den lokale organisten Eirik Hodnemyr, på piano denne dagen, som står klare. Begge har røtene sine i Vennesla, og saman byr dei på et variert program med musikk fra ulike sjangrar, før Setesdal Spelemannslag går i gang klokka 16-17. Med utøvarar som Silje Høgevold, Sigrid B. Berg, Maija Lindaas og Stina Brandin Hovet ventar ei musikalsk oppleving der røter og tradisjon er med, men der blikket likevel vender framover. Dei fire musikarane, to er frå Setesdal, ei frå Amerika og ei frå Sverige - bur alle innan ein radius på berre 350 meter i luftlinje i Hylestad i Valle kommune, og er klare til innsats i sitt nykomponerte band laurdag!

Alt i alt ein musikalsk laurdag i nye Valle kultursenter det kjem til å gå gjetord om!

Bankjubileum

Så skal ein på ingen måte gløyme at også Valle sparebank trør til med 160-årsjubileumsfest som del av opningshelga. Det heile går føre seg i Vallehalli klokka 18-20. Det er eit gratisarrangement, men med eiga påmelding via banken. 

Her kan du melde deg på.

Med utøvarar som mellom andre Frikar, Daniel Sandén Warg, Leiv Solberg, Kim Rysstad, Setesdal Spelemannslag, lokal ungdom og ikkje minst Valle leikarring ventar eit innhaldsrikt program der banken også lovar både popcorn, kake og kaffi! 

Sopran Renate Aasen og pianist Eirik Hodnemyr er klare for nye Valle kultursenter.