Opningsfesten for nye Valle kultursenter blir ein "buffet" av opplevingar!
Nye Valle kultursenter opnar med stor festhelg 17. - 19. april, altså no til helga. Med arrangement og hendingar tre dagar til ende kan store og små sjølv gå og “plukke” frå menyen!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.04.2026 11:55
Sist endra 14.04.2026 17:33
Leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg, minner om at ein kan gå heile opningshelga i nye Valle kultursenter og "plukke" seg det ein aller helst vil ha med seg - og alt av arrangement og mat er gratis!Det er altså på ingen måte slik at ein må få med seg heile opningshelga. Nettopp det at det er så stort mangfald i dei ulike tilboda, gjer at ein kan velje seg ut favorittane, og kan hende ta seg pausar innimellom.
– Det er det som er tanken, at her kan ein studere programmet og velje seg ut “sitt”. Så kan sjølvsagt dei som vil det få med seg alt - men her burde i alle fall vere så mykje å velje i at alle kan finne noko dei har lyst til å sjå eller høyre, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.
Kommunen spanderer mat og drikke
Både laurdag og sundag vankar det mat og drikke på alle som kjem til kultursenteret. Fredag kveld gnur bygdekvinnelaga i både Valle og Hylestad på og set i gang matlaging - laurdag byr dei på heimelaga lapskaus. I løpet av dagen diskar dei også opp med kake og kaffi. Sundag står nysteikte lappar og saft på menyen - og alt spandert av Valle kommune!
– Gratisprinsippet gjeld også med tanke på alt av konsertar, utstillingar og anna. Så er det også eit poeng at mange av arrangementa ein kan tru er for unge også passar godt for vaksne. Framsyninga “Ninjana og det store skredet” på sundag er eit godt døme. Det passar for alle, og eg er sikker på at folk i alle aldrar vil ha mykje att av å sjå Ninja-jenta frå Valle i full sving! seier Torunn Charlotte Nyberg.