Oppstart av endring av detaljregulering
Valle kommune varslar oppstart av endring av detaljreguleringsplan, jf. plan- og bygningsloven §§ 12-3 og 12-8, samt forhandling om utbyggingsavtale, for følgjande tre reguleringsplanar i Brokke i Valle kommune:
- Grasdalen – område L1 og J3 i Kvisle, planID 201303
- Delar av Vardefjødd hyttefelt, gnr/bnr 62/312 m/fl., planID 200703
- Jarnsverk, planID 200501
Publisert av Gunn Marith Homme
Publisert 18.05.2026 15:09
Sist endra 18.05.2026 15:13
Formålet med planarbeidet er å endre planane i tråd med kommunedelplan for Brokke. Planarbeidet for kommunedelplanen og detaljreguleringsplanane vil gjerast parallelt.
Områda vil konsekvensutgreiast i kommunedelplanen. Det er ikkje krav om ytterlegare konsekvensutgreiing i sjølve detaljreguleringsplanane.
Varselbrev samt informasjon om kommunedelplanen og arealplanrevisjonen kan hentast her Arealplan.no
Frist for å komme med innspel er 10.07.2026
Innspel sendast til Valle kommune:
post@valle.kommune.no
Valle kommune, postboks 4, 4746 Valle