Oppsummering av ei festhelg me aldri kjem til å gløyme!
Opninga av nye Valle kultursenter sist helg vart ein bygdefest så stor at det knapt finst ord - dette kjem me til å hugse lenge! Mellom all snorklypping, kake og gilde sjekkar frå ein gild lokalbank, skal ein heller ikkje gløyme at helga først og fremst var ein maktdemonstrasjon av kulturelle aktivitetar der eit breitt publikum verkeleg fekk smakebitar av det meste!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.04.2026 13:23
Sist endra 24.04.2026 13:23
Valle leikarring sjarmerte alle under festhelga i nye Valle kultursenter.
Alle foto: Torunn Charlotte Nyberg
For her var leikarring og kulturskule, her var det lokale spelemannslaget med utøvarar heilt i det øvre sjiktet av nasjonalt nivå, her var dugnadsarbeid frå så mange lag og organisasjonar, det var beint fram to bygder og ein kommune som viste musklar! Tilreisande gav seg ende over, sjølve opningshelga vart på mange vis dokumentasjonen på at det nye praktbygget er akkurat det kulturkommunen Valle treng for å ta ytterlegare steg inn i framtida!
Ad hoc-band og gangaren
Frå formiddag til langt på kveld, mellom lapskaus frå bygdekvinnene og eit festhus rigga av kommunens eigne folk - gjekk det slag i slag. Den aktive kulturskulen i Valle baud på seg sjølv, tilsette der saman med tidlegare kulturskule-elevar gnudde med med flott konsert, leikarringen sjarmerte som alltid alle, Setesdal Spelemannslag leverte fjellstøtt og gruppa Frikar baud på så friske kast at ein kvar kunne kjenne det rykke i dansefoten! Med tett program og knapt eit einaste daudpunkt vart heile helga ein fest der den store familiedagen sundag - med mellom anna ninja-jenta Ninjana frå Valle på programmet, toppa det heile på framifrå vis.
Lovande for framtida
Frå fleire hald vart det peika på at visst er bygget flott - men det er innhaldet som skal definere kva nye Valle kultursenter blir. Både ordførar Lars Tarald Myrum og leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg, peika på at kulturbastionen skal vere for alle - alltid. Målet er aktivitetar dag ut og dag inn året rundt - veldig greitt då, at Valle sparebank knalla til med ein sjekk på ein million kroner øyremerkt nettopp aktivitetar i bygget. Ei lang helg gav opplevingar for alle - dette var ein fest!