Ordførar og næringsapparat i Valle kommune på næringsbesøk

I fleire rundar har Valle-ordførar Lars Tarald Myrum og næringsapparatet i Valle kommune vore ute på næringsbesøk. Satsinga held fram.

Frå venstre næringsrådgjevar Åse Ingebjørg Flateland, Henrik Aamlid Andersen i Brokke VVS og Valle-ordførar Lars Tarald Myrum. - Klikk for stort bileteFrå venstre næringsrådgjevar Åse Ingebjørg Flateland, Henrik Aamlid Andersen i Brokke VVS og Valle-ordførar Lars Tarald Myrum. Valle kommune

Fram til no har delegasjonen vore innom både handtverkarar og reiseliv. I Brokke VVS trefte dei ein travel og optimistisk leiar i Henrik Aamli Andersen. Han etablerte verksemda si i fjor haust, og har hatt så solid vekst at han alt no har tilsett ein ny røyrleggjar i full stilling. Marknaden er både i hytteområda og i bygdene, både i Valle og Bykle. Brokke VVS har kontor på Rysstadmo, og Aamli Andersen vidareutdannar seg no på teknisk fagskule så om eit års tid kan han også ta inn lærlingar.

Brokkestøylen

Nyleg var det nye rundar i det lokale næringslivet. På Brokkestøylen trefte ordførar, kommunedirektør og næringsrådgjevar Gro Furset og Erik Berglihn. Dei har vidareutvikla staden, og satsar på eigenproduserte grønsaker, lokale råvarer og høg kvalitet. Overnatting i glober, badstoge, yoga og ikkje minst produksjon av drikke der ein gamal låve har blitt produksjonslokale.

Eik-senteret

På Eik-senteret trefte gjengen Jon Atle Helle, Silje Bratteland og Vidar Dalen. Versekda er i god driv, og skal snart ha fire tilsette. Det går i traktor og utstyr, snøfresarar, motorsager og ikkje minst sal og vedlikehald av snøscooter. I tillegg har dei scooterhotell. Også elektrikarfirmaet Knut Hovet installasjon AS fekk besøk. Der er det 12 tilsette, verksemda har alltid minst ein lærling, og har etter kvart fått mange ungdomar gjennom ei utdanning som gjev fagbrev.  Verksemda har også avdeling på Hovden. Både hyttebyggjing og offentlege prosjekt er viktige for elektrikarane, som også satsar hardt på utvikling og drift av ladestasjonar i Agder og Telemark.

Synleggjering

I Odde Sagbruk trefte delegasjonen ei verksemd som arbeider med synleggjering og er oppteken av god service. Butikken har også blitt ein møtestad for handtverkarar, med nysteikte lappar annankvar onsdagsmorgon. I Valle Bil var det som alltid full rulle då Valle kommune dukka opp. No handlar det først og fremst om bil i verkstaden, alt knytta til snøfresarar og liknande har Eik-senteret overtatt. Også Setesdal husflid har fått besøk i haust. Der er det god aktivitet på bunadsproduksjon, endåtil med lærling på plass. Så har det vore og er krevjande økonomisk, verksemda arbeider med omstilling og utvikling.

Frå venstre: Valle-ordførar Lars tarald Myrum, Olav Hovet og Knut Inge Hovet i Knut Hovet Installasjon AS. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Valle-ordførar Lars tarald Myrum, Olav Hovet og Knut Inge Hovet i Knut Hovet Installasjon AS. Valle kommune På Brokkestøylen. Frå venstre: Erik Berglihn, Gro Furset, næringsrådgjevar Åse Ingebjørg Flateland og Valle-ordførar Lars Tarald Myrum. - Klikk for stort biletePå Brokkestøylen. Frå venstre: Erik Berglihn, Gro Furset, næringsrådgjevar Åse Ingebjørg Flateland og Valle-ordførar Lars Tarald Myrum. Valle kommune