Ordinære opningstider i biblioteket i Sæbyggjen frå denne veka av
Etter ein desember månad og jol med ulike aktivitetar var det i går måndag 12. januar tilbake til ordinære opningstider i biblioteket i Sæbyggjen i Valle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.01.2026 13:45
Sist endra 13.01.2026 14:27
Biblioteksjef i Valle Julie Iversen Solheim er klar i det nye året med vanlege opningstider att.
Ole Birger Lien
Det betyr at måndagar og tysdag er det ope 11-16, onsdag 13-20, torsdag 11-17, fredag 11-15 og kvar tredje laurdag i månaden 11-14.
Meirope
I tillegg har ein ordninga med såkalla meirope bibliotek, der ein etter å ga inngått avtale om det og fått nødvendige godkjenningar på plass kan kome seg inn i biblioteket for å låne eller levere bøker også utanom ordinær opningstid.