Ordning med sponsa sesongkort i Brokke alpinsenter for born og unge i Valle held fram
Ordninga med at born og unge busette i Valle kommune får sponsa sesongkort i Brokke alpinsenter, held fram. Dei som vil ha sesongkort må kjøpe det innan 31. januar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.12.2025 14:39
Sist endra 10.12.2025 14:39

Alle frå fylte 6 år til og med 15 år betalar bare ein eigenandel på 500 kr. Alle som går på skule i Valle, uavhengig av alder, får 50% rabatt på sesongkort.
Må vise skulebevis
Dei som går på skule i kommunen må vise skulebevis når dei kjøper sesongkortet. Ordninga gjeld bare sesongkort - og fristen for å kjøpe med eigenandel eller rabatt er altså 31. januar!