Parkering for Valle kyrkje er i sentrum!

Etter at det er bygd ny gang- og sykkelveg forbi Valle kyrkje, er det endringar for korleis ein skal parkere ved vitjing av Valle kyrkje. For dei som er rørslehemma, kan parkering ved bårehuset eller ved gamle Valle motell nyttast. Alle  andre må i utgangspunktet parkere på den nye parkeringsplassen i Valle sentrum.

Her nordom Valle kyrkje skal det bli parkeringsplass - men enn så lenge er dette dyrka mark, og skal ikkje parkerast på. Valle kommune

Valle kommune kjem no med ei påminning om korleis ein skal parkere viss ein skal vitje Valle kyrkje, slik at ein unngår parkering på dyrka mark.  

– Me planlegg å byggje parkeringsplass på nordsida av kyrkja, og den skal primært nyttast av menneske med nedsett funksjonsevne. Det er den nye, store parkeringsplassen oppe i sentrum som skal nyttast av alle andre kyrkjegjengarar. Det er snakk om bare 300-400 meter å gå, og vegen blir strødd når det er glatt, seier Åse Ingebjørg Flateland i Valle kommune.

Det går trapp opp frå parkeringsplassen mellom Esso/Hasla, og gjer spaserturen ned til kyrkja endå kortare.