Påskeavslutning med Byglands-trubadur på Onsdagskaféen på Valle bygdeheim
Etter ein innhaldsrik vinter er det klart for påskeavslutning på Onsdagskaféen på Valle bygdeheim onsdag 25. mars klokka 10.30. Dit kjem også trubaduren Vidar Frøysnes frå Bygland for å underhalde.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.03.2026 08:51
Sist endra 23.03.2026 12:37
Det er påskeavslutning med påskebingo på Onsdagskaféen på Valle bygdeheim onsdag 25. mars.
Ole Birger Lien
Etter ein vinter mellom anna med konsertar med Britt-Synnøve Johansen og Frode Moltemyr, er det no høgtida me går i møte det skal handle om. Som del av påskeavslutninga blir det også skipa til påskebingo. Med Vidar Frøysnes som musikalsk innslag ligg alt til rette for ein triveleg samankomst!
Basar i april
Det neste ut etter påska er basar på Valle bygdeheim laurdag 11. april. Der ventar premiar som setesdalsgenser, saueskinn og anna på heldige vinnarar. Så held Onsdagskaféen fram utover våren med treff kvar onsdag klokka 10.30. Den som treng skyss kan få det ved å ringe tlf 94504448 same dagen mellom klokka 08-09.
Vidar Frøysnes underheld på Valle bygdeheim onsdag.