Påskehelsing frå Valle kommune!

Valle kommune ynskjer fastbuande og tilreisande i hus og hytte, fjell og grend, ei strålande påske!

Valle austehei påska 2026. Ole Birger Lien

Sjølv om vermeldingane tyder på litt skiftande ver framover, ligg likevel det meste til rette for ei flott høgtid. I fjell og hei er det framleis snø nok att for dei som vil få seg ein frisk skitur - men hugs no på åtvaringa frå Å Energi om usikker is, spesielt på regulerte vatn. Det kan også vere greitt med ei påminning om at bandtvangen tar til i morgon onsdag 1. april.

Vis omsyn kor du fer

Så veit ein også at til fjells kjem ein nærare dyrelivet - om det no er reinsdyr, rype eller anna. Det betyr at på denne tid, med drektig vilt i skogar og heier og kalvingstida like om hjørnet - må ein vise ekstra omsyn. Best plass til alle er det når alle bruker hovudet! 

Så er det også på sin plass å rette ei stor takk til alle dei som er i beredskap i påska - slik at alle me andre kan ha fri.

Rektig god påske!