Ressursgruppa for festopning av nye Valle kultursenter klar til innsats!

Nye Valle kultursenter opnar med ei durabeleg festhelg 17.- 19. april. Ei festhelg som det ein no har i vente i Valle kjem ikkje av seg sjølv, så no er det sett ned ei eiga ressursgruppe som skal bidra til hendinga.

I gruppa som skal samarbeide med Valle kommune om opningsfesten sit det folk frå Folkeakademiet Valle, Setesdal Spelemannslag, bygdekvinnelaga i Valle og Hylestad, Valle radio, Bykle og Valle kunstlag og FAU.

– Me hadde første møte nyleg,og samlar oss att snart. Ein god start, og ein måte å arbeide på som eg trur vil gje gode resultat, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Ressursgruppa skal sjå på alt frå innhald i sjølve programmet til mat og bevertning, scenedekor, planleggjing av ulike delelement i opningshelga og praktisk hjelp både før, under og etter opningsfesten.

Skal vere for alle - med “alt”

Nybygget som skal opne 17.- 19. april er eit bygg der innhaldet blir det avgjerande. Både med tanke på opningshelga men også etterpå så er det aktiviteten det handlar om. Nye Valle kultursenter skal bli ei storstoge for alle - og for “alt” av aktivitetar ein kan tenke seg.

– Engasjement og involvering er viktig alt no, i ressursgruppa, men sanneleg også i åra som kjem. Bygget skal bli ein møtestad me alle kan kjenne eigarskap til. Då har me også alle eit ansvar for å bidra, slik at så mange som råd føler seg heime der, seier Nyberg.

I programmet for opningshelga er det alt no mellom anna pre-opning av ungdomsklubben med Pool party, konsert og DJ, kunstavdukingar, konsertar og framsyningar, festarrangement, “Barnas dag” og mangt anna! Ei verkeleg festhelg ventar i april altså, for bygdefolk og tilreisande!