Riksveg 9 sør for Evje opnar i morgon fredag 20. mars klokka 14
Riksveg 9 ved Hornskilen på grensa mellom Evje og Hornnes og Vennesla har vore stengt, og skulle etter planen opne førstkomande sundag kveld. No er det klart at vegen opnar alt i morgon fredag 20. mars klokka 14, med køyring i eitt felt og med ljosregulering.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.03.2026 12:51
Sist endra 19.03.2026 12:51
Statens vegvesen
Vegen vart stengt måndag 9. mars, på grunn av omfattande arbeid på fleire av svingane på strekninga. Mykje av årsaka til at opninga no kjem raskare enn opphaveleg tenkt, er at ein vil unngå at HovdenTour-trafikken i helga skal gå gjennom Iveland. Turrennet blir skipa til førstkomande laurdag.
Ljosregulering
Det betyr at frå klokka 14 i morgon er det riksveg 9 som gjeld ned Setesdal og mot kysten - men altså med ljosregulering forbi anleggsområdet ved Hornskilen.