Såpeglatt på riksveg 9 langfredag kveld - raudt farevarsel om ekstremvind sundag

Det er meldt om stadvis spegelglatt vegbane på riksveg 9 langfredag kveld, og fleire bilistar har hamna i grøfta.  Folk på veg opp eller ned dalen må difor ta det veldig med ro! Sundag har Meteorologisk Institutt meldt raudt farevarsel for ekstremvind både på kysten og innover i landet - så alle dei tusen påskegjestene som skal heim frå Setesdal på tampen av høgtida gjer lurt i å planlegge heimturen godt!

Meteorologisk Institutt melder farevarsel raudt for ekstremvind sundag. Meteorologisk Institutt

Det er deler av stormen Dave som treff Noreg sundag ettermiddag. Det blir verst i vest og sør, spesielt langs kysten - men også innover i landet får ein merke både sterk vind, og det kan bli ein del nedbør. Det kan difor lønne seg å tenke gjennom kva tid og korleis ein best og tryggast skal kome seg vel heim frå påskeferien.

Fylgj Meteorologisk Institutt HER for oppdaterte varslingar og vermeldingar.