Setesdal med på karrieredag ved Universitetet i Agder
Denne veka blir det skipa til karrieredag ved Universitetet i Agder, og Setesdal er med.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.11.2024 09:53
Sist endra 26.11.2024 09:53
Leiar omsorg i Åseral, Camilla Verdal (t.v.) og leiar pleie og omsorg i Valle, Solveig Kyrvestad, på utdanningsmesse på UIA denne veka.Det er først og fremst dei som tar sjukepleiarutdanning karrieredagen er for, difor er det for kommunane også her i dalen viktige studentar som kan få eit lite innblikk i kva Setesdal har å by på, og kva kommunane som arbeidsgjevarar kan leggje til rette for. Med plakatar og informasjon om dalen gjer representantane frå Setesdal alt dei kan for å gjere dalen interessant for komande arbeidstakarar!
– Det har vore eit jamnt og godt sig av folk på standen vår, seier leiar pleie og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad.