Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS startar miljøtaxi!
Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS (SMG) startar opp såkalla miljøtaxi, og kan hente avfall og gjenbruksgjenstandar heime hjå deg!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.02.2026 09:10
Sist endra 25.02.2026 09:10
Kurt Høiland
Miljøtaxien tar på seg å hente alt frå møblar til madrasser, kvitevarer, syklar, klede, gjenbruksartiklar, papp, elektrisk avfall og mykje meir. Det som kan pakkast må pakkast i gjennomsiktelege sekkar - farleg avfall må merkast. Også spesialoppdrag som dødsbu og store enkeltoppdrag kan avtalast. Prisen for ei henting er 500 kr. Pensjonistar må betale 300 kr. Ei henting er på inntil to kubikk, maks 80 kg. Avfallet må settast lett tilgjengeleg utomhus, og det må vere råd for to personar å bere det som skal hentast.
Henting i heile dalen
I Iveland går miljøtaxien ut første måndag i månaden, Evje og Hornnes første og tredje onsdag i månaden, Bygland andre onsdag i månaden, Valle siste tysdag i månaden og Bykle tredje tysdag i månaden. Bestilling går via tlf 90194724 eller epost post@smg-iks.no
Gjenbruksstoga på Øyne i Valle med faste opningstider
Gjenbruksstoga på Øyne i Valle, som også er del av løysinga med miljøtaxi, har no faste opningstider torsdag og fredag klokka 16-19. Då er butikken bemanna av Valle bruktbutikk. Donasjonar og open butikk er det tysdag og onsdag på Øyne, då mellom klokka 12-15. Gjenbruksstoga blir driven som ein del av SYR - Sirkulær Yrkesfremmende Ressursmodell, som SMG eig og driv i samarbeid med Valle bruktbutikk på Rysstad.