Setesdal miljø og gjenvinning opnar Gjenbruksstoga på Øyne i Valle 10. desember

Via prosjektet SYR i regi av Setesdal miljø og gjenvinning (SMG) opnar no pilotprosjektet Gjenbruksstoga på Øyne i Valle. Stoga blir både ein sosial møteplass, ein stad for integrering og meistring, og ein gjenbruksbutikk i tett samarbeid med Valle bruktbutikk.

Prosjektleiar i SMG, Sunniva Sutestad, håpar mange kjem til opninga på Øyne onsdag 10. desember klokka 16. SMG

Gjenbruksstoga opnar i det små i SYR-modellen. SYR er ei regional satsing for sosial inkludering og sirkulær verdiskaping i Setesdal. Det er SMG som eig prosjektet, men stoga i Valle skal drivast i samarbeid med Valle bruktbutikk.

– No bygger me opp aktivitetane steg for steg i samarbeid med bruktbutikken, Setpro, Valle kommune og andre frivillige aktørar, seier prosjektleiar i SMG, Sunniva Sutestad.

Opning onsdag 10. desember

Den store opningsdagen på Øyne blir onsdag 10. desember. Det heile tar til klokka 16 med Valle-ordførar Lars Tarald Myrum som snorklyppar klokka 16.15. Eit kvarter seinare er det leikarringen sin tur, og når borna har dansa frå seg kjem jolenissen med gåver til dei minste!

Marknad

I tillegg blir det ein jolemarknad med gjenbruksting, Valle Bygdekvinnelag sel noko å bite i og kaffi, det blir rigga bålpanner ute og det er gratis pinnebrød til borna.

– Me får også ein liten joleverkstad på plass der borna kan lage sin eigen joleengel av gjenbruksmaterialar, seier Sutestad.

Det er Valle bruktbutikk som skal selge varer i Gjenbruksstoga. I desember er det ope på Øyne 16.- og 17. desember klokka 12-15 og 20. desember klokka 11-15. Faste opningstider kjem utpå nyåret.

– Slik får også Valle bruktbutikk meir plass å tumle på, betre vareflyt og dessutan også meir rom i hovudbutikken. Overskotet kjem til å auke, og det kjem som ein veit lokalmiljøet til gode gjennom gåveordninga bruktbutikken har praktisert fram til no. Så no håpar me at mange tar turen til Øyne i Valle og får med seg opninga 10. desember, seier Sunniva Sutestad i SMG.