Siste frist for påmelding til naturlos-brosjyre!

Midt-Agder friluftsråd lagar kvart år ei brosjyre med ulike naturlosturar i regionen. No kan akkurat ditt lag og tur kome med i brosjyra, og det kostar ingenting! Men ver kjapp med å melde inn turen - fristen er 1. mars!

Midt-Agder friluftsråd

Naturlos er organiserte turar eller arrangement i naturen som blir skipa til av lag og foreiningar i Agder. Turane blir samla i ein felles turkalender/brosjyre som blir distribuert gratis til alle husstandar i kommunane Kristiansand, Lindesnes, Lillesand, Birkenes, Vennesla, Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Åseral, Valle, Bykle, Lyngdal, Hægebostad, Kvinesdal, Farsund, Flekkefjord og Sirdal. Brosjyra blir også lagt ut digitalt på www.midt-agderfriluft.no I tillegg er Naturlos på Facebook og marknadsfører alle turane som offentlege arrangement der.

Friluftsliv

Dei overordna måla for Naturlosprosjektet er å stimulere til eit enkelt og naturvenleg friluftsliv, spreie kunnskap om natur og kulturhistorie, stimulere til eit sosialt felleskap der ein kan dele naturopplevingane med andre og fremje god folkehelse gjennom sunn og enkel fysisk aktivitet.

Her kan du registrere tur i Naturlos 2026